søndag, mars 26, 2006

Kontonummer for vaar innsamlingsaksjon til ein barneheim i Burkina Faso : 97106095969

Som eg har nemd tidlegare i blogen besoekte eg og Terje ein barneheim i Ouagdougou, Burkina Faso, paa kvinnedagen. Dersom de kunne tenkje daake aa gje litt pengar (gjennom vaar kontakt i Ouaga, Madame Sore Safiatou, garanterar me at alle pengane gaar uavkorta til barneheimen, blant anna til utdanning for barna) er det berre aa setje inn pengar paa konto: 97106095969 (Denne kontoen staar i mitt namn, Sigurd Sandvik 6968 Flekke, og vert kun brukt til denne innsamlingsaksjonen).



Eg har dei siste dagane halde til i Cotonou i Benin. I gaar reiste eg til ein styltelandsby, Ganvie, paa ein innsjoe like utanfor Cotonou. Dei flykta for nokre hundre aar sidan fraa ein krigersk konge. Ettersom denne kongen hadde ein teori om at hans folk ikkje kunne gaa ut i vatn, passa det utmerka for Ganvie folket, som bygde seg ein landsby paa stylter midt utpaa innsjoen. Det kan umogeleg vere saerleg praktisk aa bu slik, so eg reknar med det er det gode turistgrunnlaget som gjer at Ganvie folket ikkje flyttar inn til land. Traff eit fransk par og ein kar fraa Togo, paa baaten ut til Ganvie, og vart med dei til Oidah. Der fekk eg med meg endaa meir slavehistorie.

I dag reiste eg til Abomey, som var hovudstad i kongeriket Dahomey (namnet til Benin fram til 1975) . Nokre av kongane der hadde hatt over 3000 koner (minimum var 41, og daa kongen doeydde fekk dei 41 "beste" konene lov til aa "reise" med kongen ved aa verte begrevd levande, det var visstnok stor stas so eg kan tenkje meg det var bra kaos daa dei skulle velje ut 41 damer fraa han som hadde over 3000!!!) Nokre av kongane hadde eigne kvinnehaerar, og desse kvinnene var visstnok nokon valdsame krigarar (dersom dei ikkje kom tilbake fraa tokt med minst to mannehovud, var det deira eige hovud som vart kappa av. Boeddelen til kongen hadde ogsaa eit visst press paa seg, for dersom han ikkje hogg hovudet av folk med eit hogg, miste han sjoelv hovudet. Eg gloeymde aa spyrje guiden kven det eventuelt var som skulle hogge av hovudet paa boeddelen.) Seinare paa dagen besoekte eg fetish markedet i Apomey. Dette er Voodoo religionen sitt Mekka, so her var det noko for ein kvar smak. Inntoerka rotter, toerka slangeskinn, flaggermus med oppskoren mage so innvollane kom ut, haugevis med apekatt hovudskallar, diverse hundehovud, slangehovud og mykje forskjellige bein av diverse dyr. Guiden min sa at dersom eg var heldig kunne eg sikkert finne bein og diverse organ fraa menneske....

I morgon gaar turen til Lome, Togo. Der skal eg vere ei natt foer eg reiser nordover i Togo for aa komme meg midt i solformoerkelsesbana.





Denne mannen valde aa koeyre den 4 timar lange og varme turen fraa Tamale til Larabanga med hjelmen paa.

Viktig bodskap fraa Mole nasjonalpark!

Apetiss i Mole nasjonalpark, Terje klarde aa hive seg bakover slik at kun faa draapar kom paa buksa hans!


Sigurd ladar kanonane ved Cape Coast Castle, Ghana.


Sigurd 30m over bakken i hengebrua i Kakum nbasjonalpark, Ghana.

I ghana er det Kristendom og Jesus som er tingen, her representert ved kristenludo, Saviour God Co.Ltd. og ein Jesus Power kiosk.

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

vi brykje oss, hippiboi

11:39 p.m.  
Anonymous Anonym said...

korleis va solformørkinga? Dåke ha vel bilete?

10:38 a.m.  
Blogger Sigurd said...

Solformoerkinga var fntastisk! Bilete kjem seinare.

10:53 a.m.  
Anonymous Anonym said...

jah man! ska du te etiopia? kan du fiksa noe etiopisk jazz?

8:38 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home


statistikk