torsdag, februar 23, 2006

Dette har skjedd sidan sist......

Me var i Bamako nokre dagar til, og fekk blant anna med oss mykje bra musikk. Reiste etterkvart nordover til ein by som heitte Djenne. Kom der kl.03.30 om natta og hadde problem med aa finne oss plass aa overnatte, men det ordna seg etter ein times tid med vandring rundt omkring. I Djenne er alle husa laga av jord og moskeen i byen er visstnok den stoerste jordbyggningen i verda. Den maatte ha aarleg paafylling med ny jord for ikkje aa toerke ut, so innbyggjarane hadde nok aa setje fingrane i. Kanskje ikkje so utviklande aa slengje jord opp paa husa sine, men heile byen er paa UNESCO lista, so daa maa dei nok fortsetje med det.



Moskeen i Djenne, verdas stoerste bygning av jord. 25. februar jobbar 4000 menneske med aa ha paa meir jord paa moskeen slik at den ikkje skal toerke ut.


Reiste etter nokre dagar vidare til Mopti, ein hamneby langs Niger, og sentrum for Mali sin turistindustri. Etter aa ha tatt inn paa eit hotell gjekk me for aa forhandle finne oss ein baat som kunne ta oss til Timbuktu neste dag. Fann ein kar med ein gong og han kom med eit bra tilbod (iallefall verka det som eit bra tilbod der og daa). Me skulle reise med ein fin liten baat dagen etter kl. 14.00, mat var inkludert og me skulle sove i baaten. Daa me kom der dagen etter traff me ein amerikanar, T.J. som ogsaa skulle med baaten. Tida gjekk og det verka som om ingen heilt visste kor tid baaten skulle gaa. Etter ei stund kom det ein kar som sa baaten vaar ikkje skulle gaa foer i morgon. Dei me hadde kjoept billett av saag me ikkje noko til. Andre folk i baaten hoppa paa ein baat ved sida av som dei sa skulle gaa denne dagen, og me fekk tilbodet om det same. Der var det trangt og dei hadde ikkje fiksa motoren, so me takka nei. Me sov i baaten og satsa paa at den skulle gaa tidlegf morgonen etter slik nokon av folka paa kaia sa. Dagen etter gjekk timane og nokon sa baaten ikkje skulle gaa foer dagen etter. Snakka med ein annan kar paa kaia og han sa me kunne faa sitte paa med ein annan baat, men den hadde allereie gaatt so me maatte hive oss i ein taxi og padle oss etter den i ein liten baat. Kom oss paa baaten, men visste ikkje om me kom til aa faa mat her. Baaten var stor og det var god plass. Me kom oss eit stykke furste dagen, men laag ikkje an til aa klare turen paa tre dagar som me hadde haapa paa. Andre dagen gjekk det endaa treigare den fullasta store baaten gjekk stadig paa grunn. Me rekna ut at det var omtrent 50 tonn med sekker med maismjoel ombord. Me fekk mat etter lmitt forhandling, men det var ikkje rare greiene. Ris med litt saus og gjerne eit par fiskehovud. Me var ikkje sikker paa om det var ein bra ting eller ikkje at me fekk fiskehovuda kvar gong. Tredje dagen gjekk det litt betre me kom oss eit langt stykke men var fortsatt langt bak skjema. Soloppgangane og solnedgangane er fantastiske og nettene brukte me til aa studere stjernene. Saag massevis av stjerneskot. Fjerde dagen kom me oss tidleg av garde (kl.04.00), men etter fem timar skjedde det som ikkje skulle skje. Me koeyrde gjennom eit trangt sund med steinar paa kvar side, og tok kraftig nedi botn der det ogsaa var stein. Den tunglasta baaten tok inn vatn mens mannskapet proevde aa komme seg til eit grunnare omraade. Ungane og damene gret og me gjorde oss klare til aa i verste fall symje til land (var berre 30m fraa land). Ein baat kom til fraa ein landsby like ved og naar den naadde vaar baat var vatn komme heilt opp til oevre dekk. Me hoppa ombord saman med nokre andre, og koeyre til land. Det saag no ut til at baaten hadde naadd botn. Mangen av mjoelsekkane flaut rundt, men dei fleste laag att i fyrste dekket som laag under vatn. Mannskapet byrja aa hente opp sekkane, og koeyrde dei inn til land. Der stod eg, Terje og amerikanaren T.J. og eit par andre og tok imot sekkane medan ein heil del andre av landsbyfolket stod og saag paa. Det var tungt, 50kilossekkane var no fulle av vatn. Trur kanskje dei fekk redda halvparten av sekkane, og dei byrja no aa toerke mjoelet paa stranda. ME visste ikkje heilt kor me var, men byrjaz etterkvart aa tenkje paa korleis me skulle komme oss derifraa. Etterkvart kom dei ein fullstappa baat som ogsaa var paa veg til Timbuktu. Sjoelv om den var heilt full; gjorde dei plass til oss pluss nokre av dei andre passasjerane paa vaar baat. Terje hadde mista soveposen sin, so me sov den natta paa taket av baaten og delte eit lite pledd. Det var kaldt, trur eg berre sov ein time den natta. Neste dag kl.12.00 naadde me hamna der me skulle reise vidare til Timbuktu. Snakka med andre som hadde reist same ruta og me var faktisk av dei som hadde gjort unda turen paa kortast tid sjoelv om me sank.
No er me i Timbuktu. Her er det stoevete og varmt. Eit par hundre meter nord er starten paa Sahara, tenkte me skulle ta oss ein tur innover der etterpaa. Me skal proeve aa ikkje gaa oss vill.....

Vaar fyrste baat rett etter at den sank.


statistikk