fredag, februar 10, 2006

Pastor Yakubu og den lange turen til Bamako

Lenge sidan sist me har skrive noko no, ikkje akkurat flust med Internett cafear her....

Hadde fem rolege dagar i St.Luis. Eg vart sjuk fyrste dagen, men det passa i grunn veldig bra aa verte sjuk der. I fugleparken var det ikkje berre tusenvis av fuglar, men ogsaa krokodille, villsvin, varan og to stk 2m lange pytonslangar, og ein haug med franske pensjonistar. Tredje dagen i St.Luis fekk eg foere meg at eg skulle jogge til den Mauritanske grensa, det var berre 2,5km unna til restricted area. Eg jogga i veg langs stranda, og tykte eg var komen mykje lenger enn 2,5km, men eg saag ingen skilt (det gjorde eg paa heimvegen). Kom til ein grensepost og vart tilkalla av ein grensevakt som eg rekna med var fraa Senegal. Det skulle vise seg at han var mauritansk og han ville sjaa passet mitt, men det var paa hotellet. Med dei arabiske landa sine heller lunkne forhold til Skandinavia for tida, var eg ei kort stund litt bekynra paa korleis dette skulle ende, men vakten let meg heldigvis jogge tilbake til Senegal.

Det skulle vise seg at toget ikkje gjekk lenger naar me kom tilbake til Dakar, so me maatte finne andre maatar aa komme oss til Bamako i Mali. Etter eit par timar venting (her i Akrifa ventar dei til bilen er full foer dei koyrer) gjekk turen austover til Tambakunda med ein Peugot fullasta med 7 personar. Turen tok 8t, Senegal sin semifinalekamp i Afrikameisterskapet vart begeistra overhoeyrt paa radio, men dei tapte til slutt mot Egypt.

Dagen etter skulle me komme oss til Kidira ved grensa til Mali, Etter fem timars venting i varmen tok me til paa den 3t lange turen. Akkurat som heime er folk her ute paa landet mykje hyggelegare enn i byen! Me kom oss over grensa, men ikkje lenger. Dei fleste taxibilane hadde reist og dei faa som var igjen hadde ikkje lov til aa koeyre om natta ettersom dei hadde elendig lys paa bilen. Men taxikaren sa me gjerne kunne sove i taxien hans til kl. 05.00 naar sola kom fram. Det er varmare her i innlandet, og temperaturen gaar sjeldan under 22 grader om natta, eg sveitta masse og Terje sveitta meir. Plutseleg stakk ein kvit mann hovudet inn i bilen. Det var pastor Yakubu, ein amerikansk missjonaer som hadde budd her i 20 aar. Han skulle verte henta om ein times tid aa me kunne gjerne faa sitte paa. Snakka lenge med pastoren, greit aa faa litt tips fraa ein kar med 20 aars erfaring i omraadet. Neste dag skulle me ta til paa den siste delen av reise fram til Bamako. Denne gongen med ein diger lastebil, ombygd til ein slags buss. Etter eit par timar venting tok me til paa den 12t lange turen. Det verka som om vegen berre vart daarlegare og daarlegare og det var ikkje saerleg god luft der inne. Me var fulle av sand daa me kom fram. No skal me slappe av eit par dagar i Bamako, foer turen gaar vidare til Mopti. Der er planen aa ta baat opp Niger elva vidare til Tinbuktu.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

He, he... høres ut som om turen til Bamako ble litt mer kronglete enn anntatt! Men det er jo litt av spenningen med det å reise. Dere får kose dere med alle de hyggelige menneskene i Mali.

5:48 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home


statistikk