onsdag, februar 01, 2006

Paa veg til St. Luis! Ferdig med Dakar for ei stund...

Me skal no snart avgarde aa forhaapentlegvis hente passa vaare og ein maanads visum til Mali. Etterpaa skal me sitte fire timar++ i varmen i ien Peugeot taxi til St.Luis heilt nord i Senegal paa grensa til Mauritania. Dette var den tidlegare franske hovudstaden i Vest-Afrika og skal visstnok vere ein roleg koseleg jazz by med berre 140 000 innbyggjarar. Vert greit aa komme seg litt vekk fraa "Ca va?" og "Hello myfriend where you from?" her i travle Dakar sentrum. Men me har hatt nokre flotte dagar her i Senegal sidan me landa 28. januar. Folka er heilt svarte og det er sol og varmt slik det skal vere i Afrika! Det fyrste me gjorde dagen etter me kom var aa vandre rundt i Dakar sentrum, noko som maa seiast aa vere alt anna enn avslappande. Traff paa ein kar (eller rettare sagt han traff oss) som kunne engelsk som viste oss rundt paa marknaden. Han hadde 44 sysken og heitte Bamba. Fleire kom til og til slutt var me ein heil gjeng!!!

Dagen etter vart me henta av El Hadj, far til ein UWC-elev som pappa er laerar for. Han viste oss rundt paa Dakar halvoeya og me fekk komme heim til familien hans for aa ete tradisjonell senegalesisk lunsj. El Hadj, banksjef som han var, skulle vise seg aa ikkje vere av den fattige sorten av afrikanarar. Huset hans var stort og flott med badebasseng. Avtalte aa treffe dei att naar me kjem tilbake til Senegal i april, daa i deira feriehus ved kysten litt lenger soer. Greit med gode kontaktar.

I gaar tok me turen til den flotte Goree oeya like utanfor Dakar. Guiden vaar Max paastod (som dei fleste guidar i fylgje Lonely Planet) at ALLE dei 20 mill. slavane som var sendt fraa Afrika var innom denne oeya. Ein del var det nok, men ettersom oeya ikkje har eige ferskvatn og berre er 900m * 700m stor var nok det lite sannsynleg.

Toget fraa Dakar til Bamako i Mali skulle vise seg aa gaa berre ein gong i veka, so derfor reiser me no nord ein tur for aa slappe av og sjaa paa Afrikas stoerste fuglepark, fugleelskarar som me er!

Ikkje lett aa finne datamaskiner med USB her i Afrika, so bilder maa nok vente....

Alt ved det same heime i kjekke Noreg?

Sigurd S.

statistikk