lørdag, mars 04, 2006

Ouagadougou, Dogon og Malaria!

No har me komme oss til Ouagadougou, hovudstaden i Burkina Faso. Skulle ikkje tru at dette er ein av verdas fem fattigaste land, for Ouagadougou er i allefall den mest moderne byen me har vore i til no her i Vest-Afrika. I morgon skal me flytte inn til mora til ein UWC-elev som kjem herifraa. Det vert sikkert koseleg og avslappande. Sidan sist har me reist fraa Timbuktu nord i Mali til Bankass ikkje so longt fraa grensa til Burkina. Derifraa skulle me gaa i fjella i Dogon Country nokre dagar, men same kveld som me kom der kjende ikkje Terje seg heilt god. Han og T.J, vaar amerikanske 46 aar gamle reiseven, reiste derfor til eit sjukehus for aa ta nokre testar. Det skulle vise seg at Terje hadde faatt Malaria, og han maatte derfor starte med behandling med ein gong. Eg og T.J. utsette Dogon turen ein dag foer me sette avgarde medan Terje slappa av i Bankass. Me reiste utan guide sjoelv om folka paa hotellet sa at dersom me reiste utan guide kom Dogon folket med kjeppar for aa ta oss. Det skulle vise seg at Dogon folket var eit hyggeleg folk og me hadde tre fine dagar oppe i fjella.

Bilder fraa Dogon og Terje si sjukehusseng kjem seinare.....


Til dei som er interressert i aa reise til VM i Tyskland i sommar:

T.J., vaar amerikanske reisekompis, har leilehiet i Berlin, og han skal kanskje ikkje vere der i sommar. Han leiger gjerne ut til meg og tre andre, dei som er interressert kan seie ifraa paa comments, ettersom mobilen min ikkje verkar her i Burkina Faso. Han sa det skulle vere storskjemframvisning av dei fleste kampane i Berlin sentrum, og er me heldige kan det vere me far tak i nokre billettar ogsaa. VM er ifraa 9.juni til 9.juli so eg tenkte at kanskje dei tre siste vekene kunne vere mest interressante? Sidan eg ikkje treng aa lese til eksamen, skal eg sikkert ta meg ein haiketur til Portugal og so komme opp til Tyskland til VM startar eller ei veke ut i meisterskapet.

6 Comments:

Anonymous Anonym said...

eg e med.

7:30 p.m.  
Blogger Rållserau said...

Stakkars Terje! Pass på å oppdater om sykdomsforløpet.

4:57 p.m.  
Anonymous Anonym said...

eg e med
tor m

8:01 p.m.  
Anonymous Anonym said...

God bedring, Terje! Vi er en tur hjemme i Norge, farmoren til Michael (på 90) døde, så vi dro hjem til begravelsen. Reiser til Frankrike på lørdag, med stopp i Praha (5 dager) og Krakow (5 dager). Fortsatt god tur! PS: Franskkurset vi fikk av dere er strålende!

11:36 p.m.  
Blogger Sigurd said...

Knut og Tor M er med. Kva med Erlend? Ellers trur eg Anfinn er interressert..... Kan vere det gaar med fem?

Ellers er Terje heilt frisk no. Det var han forsovidt naar eg skreiv forrige innlegg ogsaa. Det kan gaa litt fort for seg nokre gonger, so eg er ikkje alltid so flink til aa faa med alt...

1:16 p.m.  
Anonymous Anonym said...

eg e med

7:01 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home


statistikk