fredag, mars 24, 2006

Benin aaleine....

Sidan sist har me teke oss ein rundtur austover i Ghana. Me reiste lett, ettersom me kunne legge att mesteparten av tinga vore i Accra hos Mrs. Grace Adu-Badu vaar hyggelege kontakt. Reiste fyrst til Cape Coast der me fekk med oss endaa litt meir slavehistorie. Etter to dagar i Cape Coast reiste me til Kakum nasjonalpark, der me overnatta midt inni jungelegn. Dagen etter reiste me (eg, Terje og vaar amerikanske reisekompis T.J.) vidare til Kumasi. Eg fekk med meg fire museum om Ashantifolket og Ashantikongane medan Terje slappa av paa hotellet. Daa me kom fram til Accra om kvelden var me vitne til at ei dame sovna bak rattet og koyrde ned ein kar so han flaug over bilen! Me var dei fyrste sov kom bort til mannen. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere, var ikkje sikker paa om karen var ilive, eg tok pulsen hans og ropte paa politiet, det var heldigvis ein politistasjon bere 30m unda. Dagen etter skulle me reise til Togo og Benin. Terje var lei og ville slappe av endaa meir so eg bestemte meg for aa reise aaleine. Terje fekk seinare paa dagen besoek av dama som sovna og karen som vart paakoeyrd? Dei takka for hjelpa, veit ikkje heilt kvifor, for det var ikkje mykje me gjorde...

No er eg i Benin. Skal proeve aa komme meg tilbake til Togo foer solformoerkelsen. Kanskje eg treff Terje der, dersom han ikkje maa slappe av meir......

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

slutt å skriv me
skriv vi.
tenk om alle skulle skrive som de snakket?

6:33 p.m.  
Anonymous Anonym said...

de snakket? DEI snakka din idiot

10:12 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Forresten, Sigurd: Kvifor har du fått oransje hår og skjegg? Er det ljoset, mykje ørkensand, eller har du rett og slett teke opp sjørøveri?

Argh, lay off me peg-legged parrot, ye scurvy cur!!!

11:44 p.m.  
Blogger Sigurd said...

Rettskriving

Ivar Aasen fører i grammatikken sin (1864) opp me som "hovudform", med vi i parentes. Systemet med hovud- og sideformer høyrer nyare tid til, men også ordlistene frå førre hundreåret kunne gje visse vink om bruken. Marius Hægstad t.d. gjer det slik: me (elder vi) (1879), me eller vi (1886 og 1898). Lars Eskeland gjev også ei slags rettleiing for bruken (1897) : "me pron. Sume skriv vi." I 1914 kan vi lesa hjå Leiv Heggstad: "formerne me og vi … vert baae bruka i skrift ... I det skrivne landsmaalet er me mest vanleg." I 1931 har han sløyfa siste setninga.

Når me utviklar seg til ei slags nynorsk "hovudform", må det altså hanga i hop med bruken, ettersom ingen forbaud nokon å skriva vi. Tek vi tida med i vurderinga, må vi også tru det kunne spela ei rolle at me lettare tente som ei nasjonalt særmerkt form.

Rettskrivinga for landsmålet i 1901 fører opp begge formene. Frå då av er såleis både me og vi autoriserte som jamstelte landsmåls-/nynorskformer. Rettskrivinga av 1938 set så opp vi som hovudform, me som sideform med dei avgrensingar det førte med seg. Dette er ikkje endra sidan.

9:19 p.m.  
Anonymous Anonym said...

knulle eller knølle? Eg går for begge

11:46 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home


statistikk