fredag, april 21, 2006

Sydenferie i Gambia

Me er no komne oss til Gambia og har funne oss eit flott hotell ikkje so langt fraa stranda. Her har dei BBC og CNN so me skal nok faa ta att for lite fjernsynssjaaing dei siste maanadane. Vert her sikkert ei vekes tid foer me reiser vidare til Senegal og meir strand og sol.

Hadde tre fine dagar paa ei oey utanfor Bissau. Daa me kom tilbake til Bissau fann me ut at me trengde meir pengar for aa komme oss vidare. Daa banken i bissau ikkje kunne ta VISA, maatte me ty til Western Union igjen. Tusen takk for hjelpa Sigurd B.!

Vaart gambiske mobilnummer er: +220 7777984

statistikk