lørdag, april 15, 2006

Liberia, Guinea og Guinea Bissau!

Ei stund sidan sist no, oppsummering av det me har gjort:

Foer me reiste fraa Accra hadde me ein fest hos Mrs. Grace Adu-Badu. Terje og tvillingsystera til Grace, Glays, varma opp med Brandy foer me aat ein kjempe god middag. Etterpaa spelte Terje opp til dans og eg laerde alle aa danse halling! Fekk berre sove nokre timar for me maatte opp kl. 04.00 for aa reise til flyplassen. Daa me skulle gaa ombord i flyet, fann plutseleg det nigerianske flyselskapet Bellview ut at dei hadde gloeymd aa fylle paa bensin. Etter ei stund verka det som dei hadde alt under kontroll og me kunne ta fat paa turen til Monrovia. Mellomlanda i Abijan i Elfenbeinskysten. Marran, forloveden til ein ven av ein ven av Barry, barnebarnet til Mrs. Grace, tok imot oss. Det viste seg at ho ikkje lenger var forlova med venen til venen til Barry, dei hadde slaatt opp for fire aar sidan, men ho ville no hjelpe oss allikavel. Fann eit ok, men svaert dyrt hotell like utanfor Monrovia. Folk i Monrovia var svaert hyggeleg og hjelpsame. 13000 SN-soldatar har no vore i landet i over tre aar og ting byrjar aa verte normalt igjen. Snakka med ein serbisk soldat, han sa at det fyrste SN gjorde var aa kjoepe alle vaapena til rebellane og sidan daa har det nesten ikkje vore noko problem i landet. Han kjeda seg og ville heim. Han meinte det var pengesloesing fraa SN si side aa ha so mange soldatar stasjonert i landet daa det er so mangen andre stader der dei treng dei meir (blant anna elfenbeinskysten). Reiste til Robertport paa grensa til Sierra Leone den andre dagen. Vegen var daarleg og med alle SN stasjonane me maatte igjennom tok det si tid. Dei spurde kva me jobbe med her i Liberia og vart litt paffe daa me sa me var turistar. Traff nokon andre folk, dei ville ta bilete av oss, for me var dei fyrste turistane dei hadde sett i Liberia.. Hoeyrde rykte om at det kunne la seg gjere aa faa gratis haik med eit SN-helikopter, so me gjekk til UNMIL (Uniteed Nations Mission In Liberia) sitt hovudkvarter og fekk ordna oss ein haiketur til Greenville, ein by langs kysten lenger soer i landet. Ingen av oss hadde koeyrd med helikopter foer so det var stor stas.

Turen fraa Monrovia til Conacry, rundt heile Sierra Leone, tok me i tre etapper fraa Monrovia til Ganta (grensa til Guinea), fraa grensa til N'Zerekore og fraa N'Zerekore til Conacry. Traff nokre hyggelege folk som skulle same veg, so me fann oss ein bil som kunne koeyre oss direkte. Turen tok nesten 20t og vegen var for det meste forferdeleg. Var i Conacry i ein dag og fekk ordna oss dei siste visuma me trengde for Guinea Bissau, Gambia og Senegal. Bestemte oss for aa ta baat til Bissau fraa ein by litt lenger nord i Guinea, Kamsar. Paa veg til Kamsar traff me ein hyggeleg 59 aar gammal mann, Mohammed, som hadde studert i Aust Tyskland paa 70-talet! Me snakka ein slags blanding av tysk, fransk og engelsk med han og han inviterte oss heim til han for aa overnatte, so kunne me finne oss ein baat dagen etter. Det viste seg at det ikkje gjekk nokon baat den dagen, so me bestemt e oss daa for aa reise med bil. Reiste til Boke for aa faa transport vidare derifraa til Bissau. Det viste seg aa vere svaert faa folk som pleidde aa reise den vegen, so me enda opp med aa vente i over 28t foer bilen var fullt opp. Fann ogsaa ut etterkvart at me maatte ta ein enorm omveg for aa komme oss til Bissau fordi vegen var so daarleg. Etter fleire punkteringar og stopp for aa hjelpe andre (ingen klaga daa sjaafoeren fann ut at han ville hjelpe nokon andre i 2t) , kom me til grensa. Den var stengd so me maatte sove der. Fulle av sand og troette etter mykje reising, sovna me paa ein benk.

No er me komne fram til Bissau i Guinea-Bissau og slappar av etter mykje hektisk reising. Skal i morgon reise ut til ei oey like ved aa feire paaske paa stranda der i nokre dagar. Etter det gaar turen til Banjul, Gambia, og meir strandliv.

Bilete kjem seinare!

11 Comments:

Anonymous Anonym said...

Her hagla da i Helvete.

6:43 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Nigrane e sikkert gode å danse halling..Truleg jævlige spenst.

12:13 p.m.  
Anonymous Anonym said...

"Bilete kjem seinare!"
Ska vi liksom glede oss til at du skal legge ut bilete? Er det det du meinar med den kommentaren? Kem bryr seg om dåke to? Kunne like gjerne daua begge to, ingen hadde brydd seg

3:28 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ikkje skriv sånn då...dårlig stemning i bloggen.

3:29 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hehe, gje dåke no! Mykje tøys med dåke to no i da siste.

3:29 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Du kan holde godt kjeft Harald

3:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Det ekje Harald, det er Kjetil

3:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hehe, Kjetil? Det her er Knut

3:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg er Odin!

3:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eeehm...eg har og vert med å diskutert her. Roger her forresten. Kanskje vi skal signere innlegga våre?

3:31 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hald kjeft

3:31 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home


statistikk