søndag, mars 26, 2006

Kontonummer for vaar innsamlingsaksjon til ein barneheim i Burkina Faso : 97106095969

Som eg har nemd tidlegare i blogen besoekte eg og Terje ein barneheim i Ouagdougou, Burkina Faso, paa kvinnedagen. Dersom de kunne tenkje daake aa gje litt pengar (gjennom vaar kontakt i Ouaga, Madame Sore Safiatou, garanterar me at alle pengane gaar uavkorta til barneheimen, blant anna til utdanning for barna) er det berre aa setje inn pengar paa konto: 97106095969 (Denne kontoen staar i mitt namn, Sigurd Sandvik 6968 Flekke, og vert kun brukt til denne innsamlingsaksjonen).



Eg har dei siste dagane halde til i Cotonou i Benin. I gaar reiste eg til ein styltelandsby, Ganvie, paa ein innsjoe like utanfor Cotonou. Dei flykta for nokre hundre aar sidan fraa ein krigersk konge. Ettersom denne kongen hadde ein teori om at hans folk ikkje kunne gaa ut i vatn, passa det utmerka for Ganvie folket, som bygde seg ein landsby paa stylter midt utpaa innsjoen. Det kan umogeleg vere saerleg praktisk aa bu slik, so eg reknar med det er det gode turistgrunnlaget som gjer at Ganvie folket ikkje flyttar inn til land. Traff eit fransk par og ein kar fraa Togo, paa baaten ut til Ganvie, og vart med dei til Oidah. Der fekk eg med meg endaa meir slavehistorie.

I dag reiste eg til Abomey, som var hovudstad i kongeriket Dahomey (namnet til Benin fram til 1975) . Nokre av kongane der hadde hatt over 3000 koner (minimum var 41, og daa kongen doeydde fekk dei 41 "beste" konene lov til aa "reise" med kongen ved aa verte begrevd levande, det var visstnok stor stas so eg kan tenkje meg det var bra kaos daa dei skulle velje ut 41 damer fraa han som hadde over 3000!!!) Nokre av kongane hadde eigne kvinnehaerar, og desse kvinnene var visstnok nokon valdsame krigarar (dersom dei ikkje kom tilbake fraa tokt med minst to mannehovud, var det deira eige hovud som vart kappa av. Boeddelen til kongen hadde ogsaa eit visst press paa seg, for dersom han ikkje hogg hovudet av folk med eit hogg, miste han sjoelv hovudet. Eg gloeymde aa spyrje guiden kven det eventuelt var som skulle hogge av hovudet paa boeddelen.) Seinare paa dagen besoekte eg fetish markedet i Apomey. Dette er Voodoo religionen sitt Mekka, so her var det noko for ein kvar smak. Inntoerka rotter, toerka slangeskinn, flaggermus med oppskoren mage so innvollane kom ut, haugevis med apekatt hovudskallar, diverse hundehovud, slangehovud og mykje forskjellige bein av diverse dyr. Guiden min sa at dersom eg var heldig kunne eg sikkert finne bein og diverse organ fraa menneske....

I morgon gaar turen til Lome, Togo. Der skal eg vere ei natt foer eg reiser nordover i Togo for aa komme meg midt i solformoerkelsesbana.





Denne mannen valde aa koeyre den 4 timar lange og varme turen fraa Tamale til Larabanga med hjelmen paa.

Viktig bodskap fraa Mole nasjonalpark!

Apetiss i Mole nasjonalpark, Terje klarde aa hive seg bakover slik at kun faa draapar kom paa buksa hans!


Sigurd ladar kanonane ved Cape Coast Castle, Ghana.


Sigurd 30m over bakken i hengebrua i Kakum nbasjonalpark, Ghana.

I ghana er det Kristendom og Jesus som er tingen, her representert ved kristenludo, Saviour God Co.Ltd. og ein Jesus Power kiosk.

fredag, mars 24, 2006

Benin aaleine....

Sidan sist har me teke oss ein rundtur austover i Ghana. Me reiste lett, ettersom me kunne legge att mesteparten av tinga vore i Accra hos Mrs. Grace Adu-Badu vaar hyggelege kontakt. Reiste fyrst til Cape Coast der me fekk med oss endaa litt meir slavehistorie. Etter to dagar i Cape Coast reiste me til Kakum nasjonalpark, der me overnatta midt inni jungelegn. Dagen etter reiste me (eg, Terje og vaar amerikanske reisekompis T.J.) vidare til Kumasi. Eg fekk med meg fire museum om Ashantifolket og Ashantikongane medan Terje slappa av paa hotellet. Daa me kom fram til Accra om kvelden var me vitne til at ei dame sovna bak rattet og koyrde ned ein kar so han flaug over bilen! Me var dei fyrste sov kom bort til mannen. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere, var ikkje sikker paa om karen var ilive, eg tok pulsen hans og ropte paa politiet, det var heldigvis ein politistasjon bere 30m unda. Dagen etter skulle me reise til Togo og Benin. Terje var lei og ville slappe av endaa meir so eg bestemte meg for aa reise aaleine. Terje fekk seinare paa dagen besoek av dama som sovna og karen som vart paakoeyrd? Dei takka for hjelpa, veit ikkje heilt kvifor, for det var ikkje mykje me gjorde...

No er eg i Benin. Skal proeve aa komme meg tilbake til Togo foer solformoerkelsen. Kanskje eg treff Terje der, dersom han ikkje maa slappe av meir......

tirsdag, mars 21, 2006

Nye bilete fraa Ghana!


Terje fyl varsamt med naar elefantane drikk i Mole nasjonalpark, Ghana.


Sigurd kosar seg med eit tre i Kakum nasjonalpark, Ghana.


Terje med ny sveis, skremmer ein kar paa hotellet i Mole nasjonalpark, Ghana.


Mighty Victory Hotel i Cape Coast, Ghana, veit aa fortelje oss kor farleg det er med brann.



I Ghana er eggeplomma kvit, det maa ein rett og slett berre venne seg til.

torsdag, mars 16, 2006

Accra!

Sigurd etter tre lange dagar i fjellet.

Terje og Clement paa bar i Ouaga.

Kvinnedagen i Ouaga. Her framfoerer barneheimsbarna sin tradisjonelle rompe-klaske-dans.


Terjen og Salif ein moerk kveld i Ouagadougou.

Me er no i Accra og har dei siste dagane raana rundt med Barry (barnebarnet til dei me bur hos her i Accra) . Han er i slips og dopapir bransjen og innimellom ambassade og flyplass besoeka besoekte han kundane sine. Har no gjort delvise planar for resten av turen. Skal etter aa ha reist litt rundt her i Ghana til Togo og so Benin, tilbake til Togo og so til Ghana igjen for aa faa med oss ein total solformoerkelse som vil vare i omtrent 3 min. Etter det skal me reise til Monrovia i Liberia. Har snakka med ambassaden og dei saa det skulle vere trygt der for turistar no, men landet ber fortsatt preg av fleire aar med borgarkrig.

fredag, mars 10, 2006

GHANA!

No er me komne til Ghana. Er i Tamale i nord og i morgon skal me til den stoerste nasjonal parken i Ghana. So viss me ikkje vert etne av elefantar so faar daake sikkert sjaa bilete derifraa om ei stund. Eg opg Terje vil ogsaa snart starte vaar eigen vesle innsamlingsaksjon. Det vert for ein barneheim og ein assosiasjon for enker utanfor Ouagadougou i Burkina Faso. Me besoekte denne barneheimen paa kvinnedagen saman med Madame Sore som me budde hos i Ouaga.

Kvar dag doeyr 3000 av malaria, 6000 av AIDS og 12000 av svolt i Afrika, so dersom du vil vere med aa hjelpe nokon av dei som har mista sine naeraste, er det berre aa setje inn pengar paa ein norsk konto som snart vil komme paa denne sida.... Burkina Faso er eit av verdas fem fattigaste land. Gjennom vaare kontaktar i Ouaga garanterar me for at alle pengane vert brukt uavkorta til vidare drift av barneheimen og utdanning til barna.

tirsdag, mars 07, 2006

Full oppvarting i Ouagadougou!

Dei siste dagane har me vore hos familien til ein av pappa sine UWC-elevar som kjem her ifraa Ouagadougou. Mor i huset, Madame Sore, er kjempe hyggeleg og me har faatt god mat og mykje hjelp. Ettersom dei har CNN har det ogsaa vorte ein del fjernsynssjaaing. Ventar no paa Ghana visumet som skal vere klart paa torsdag. Reiser paa fredag til Tamale nord i Ghana, der me blant anna skal vitje Mole nasjonal park. Terje har no sjekka seg ein gong til og er heilt fri for malaria!

Til Tor M og Knut: Kor tid daake har lyst til aa vere i Tyskland? Saag at norwegian har starta flyavgangar fraa bergen til berlin for 293 kvar veg so sikkert lurt aa bestille snart.


Tidleg morgon i Sahara oerkenen utanfor Timbuktu, Mali.

Det kan verte trangt om plassen naar ein reiser rundt omkring i Vest-Afrika (her er me paa veg fraa Bandiagara til Bankass i Mali).

Sigurd kosar seg med ein oel i Indelo, Dogon Country, Mali.


Sjulehussenga i Bankass, Mali, der Terje laag to neter medan han vart behandla for malaria.

lørdag, mars 04, 2006

Ouagadougou, Dogon og Malaria!

No har me komme oss til Ouagadougou, hovudstaden i Burkina Faso. Skulle ikkje tru at dette er ein av verdas fem fattigaste land, for Ouagadougou er i allefall den mest moderne byen me har vore i til no her i Vest-Afrika. I morgon skal me flytte inn til mora til ein UWC-elev som kjem herifraa. Det vert sikkert koseleg og avslappande. Sidan sist har me reist fraa Timbuktu nord i Mali til Bankass ikkje so longt fraa grensa til Burkina. Derifraa skulle me gaa i fjella i Dogon Country nokre dagar, men same kveld som me kom der kjende ikkje Terje seg heilt god. Han og T.J, vaar amerikanske 46 aar gamle reiseven, reiste derfor til eit sjukehus for aa ta nokre testar. Det skulle vise seg at Terje hadde faatt Malaria, og han maatte derfor starte med behandling med ein gong. Eg og T.J. utsette Dogon turen ein dag foer me sette avgarde medan Terje slappa av i Bankass. Me reiste utan guide sjoelv om folka paa hotellet sa at dersom me reiste utan guide kom Dogon folket med kjeppar for aa ta oss. Det skulle vise seg at Dogon folket var eit hyggeleg folk og me hadde tre fine dagar oppe i fjella.

Bilder fraa Dogon og Terje si sjukehusseng kjem seinare.....


Til dei som er interressert i aa reise til VM i Tyskland i sommar:

T.J., vaar amerikanske reisekompis, har leilehiet i Berlin, og han skal kanskje ikkje vere der i sommar. Han leiger gjerne ut til meg og tre andre, dei som er interressert kan seie ifraa paa comments, ettersom mobilen min ikkje verkar her i Burkina Faso. Han sa det skulle vere storskjemframvisning av dei fleste kampane i Berlin sentrum, og er me heldige kan det vere me far tak i nokre billettar ogsaa. VM er ifraa 9.juni til 9.juli so eg tenkte at kanskje dei tre siste vekene kunne vere mest interressante? Sidan eg ikkje treng aa lese til eksamen, skal eg sikkert ta meg ein haiketur til Portugal og so komme opp til Tyskland til VM startar eller ei veke ut i meisterskapet.

statistikk