søndag, september 17, 2006

Helsing frå Birkina Faso!

Fekk inn over 3000kr under innsamlingsaksjonen vår. Dei pengane er no på plass i Ouagadougou, Burkina Faso, og skal brukast på ein heim for foreldrelause born og enker. Madame Sòre, som me budde hos i ei veke når me var i Burkina Faso (mor til Zaina frå Burkina Faso som gjekk på UWC på Haugland), er vår kontaktperson. Det fyrste prosjektet deira vert å gje mat til borna i barneheimen. Seinare vert nokre av pengane brukt til å plukke ut 10 av borna og gje dei ei grunnutdanning! Dersom det lar seg gjere vil pengane også gå til små oppstartslån for dei enkene som ynskjer å starte eigne små føretak. Det er kjekt å vite at pengane me fekk samla inn er i trygge hender og at dei kjem so godt med ei eit av verdas fattigaste land.

Sigurd S.

statistikk