onsdag, januar 25, 2006

NO HaR aLT ORDNQ SEG§§§

Me er no i Marokko, og tastaturet er paa arabisk:::::

Alt ordna seg naar me kom til marokko;

Etter 3.5 timar paa den senegfalesiske ambasaden i rabat, fekk me oss det etterlengta visumet til senegal. Dei siste dagane har me sove eller vandra rundt utan maal og meining. I morgon er planen aa reise til marrakesh. Det tek 5t:

Det er saa vanskeleg aa skrive paa dette arabiske tastaturet (det fqktum qt eg hqr drukke 8 speciale biere gjer det ikkje lettqre) so eg trur eg sluttqr no///////


so long

mandag, januar 23, 2006

Udugelege Sigurd!!!!

Sidan sist har det skjedd litt forskjellig. I London gjekk no dagane og me var klare for aa komme oss vidare. Siste dag i London reiste med nord i London for at eg skulle kjoepe meg billett til Tottenham - Aston Villa paa svarteboersen. Me var paa plass over to timar foer og det var mangen som selde billettar. Eg tenkte det var best aa vente til tett oppunder kampen, mne daa var det ikkje so mangen som selde billettar lenger. Det heile enda med at eg kjoepte ein billett til 70 pund. Det eg ikkje fann ut foer etterpaa var at eg hadde kjoept ein barnebillett til bortefansen! Maatte betale 15 pund ekstra for aa oppgrdere billetten. So for 85 pund (litt over 1000kr!) skulle eg kose meg paa Tottenhamklamp midt blant illsinte Villa-fans. Kanksje like greit at kampen enda 0-0, i tilfelle eg ikkje hadde klart aa ikkje juble dersom Tottenham hadde scora.

Dagen etter, eller rettare sagt midt paa natta, gjekk ferda viadare til Madrid. Hadde 10 timar paa oss foer flye vaart gjekk vidare til Dakar, so me tok turen inn til sentrum. Fekk praktisert ein del spansk, men ellers gjekk tida med til soving i parken. Jammen bra me ikkje la igjen vinterjakka i London, for temperaturen i Madrid i januar er ikkje saerleg hoeg. Tilbake paa flyplassen gjekk det ikkje fullt so bra. Det skulle vise seg at me ikkje kunne kjoepe visum ved ankomst til flyplassen i Dakar, og me vart nekta aa reise. Som sjoeloppnemd reiseleiar tok eg paa meg skulda for denne fatale missen! Dette burde me absolutt ha dobbeltsjekka foer me drog. Ulike loesingar vart diskutert. Kontakte den Senegalesiske ambasaden i Madrid, for so aa framskunde reisa fraa Madrid fram til visumet var paa plass, verka som den mest logiske. Om me var leie av aa vere i Madrid, kunne me jo berre ta oss ein tur til Portugal. Framme i Madrid etter aa ha funne oss ein plass aa sove, gjekk me paa internettcafe for aa finne ut kor den senegalesiske ambassaden laag i Madrid. Det skulle vise seg at Senegal ikkje hadde ambasade her, men dei hadde truleg konsulat i Marseille i fylgje Lonely Planet. Ein av oss kunne kanskje ta tog til Marseille? Til slutt bestemte me oss for aa ta kontakt med den norske ambassaden for aa forhoeyre oss om dei paa nokon maate kunne skaffe oss eit senegalesike visum gjennom den senegalesiske ambassaden i London. Viss det ville ta lang tid matte me nok pite i det sure eple aa betale ein tur tilbake til London for so aa vere der i tre dagar for aa faa visum. Etter mykje om og men fann me den norske ambasaden dagen etter, men konsulen der kunne ikkje hjelpe oss. Eit anna alternativ var den senegalesike ambassaden i Rabat, Marokko. Ettersom me skulle mellomlande i Casablanca, kunne me kanskje faa endra avreise fraa Casablanca til Dakar og ordne oss visum i Rabat. Proevde aa ringe den senegalesiske ambassaden i Rabat, men ingen svar. Fann heller ingenting om den senegalesiske ambassaden i Rabat paa nettet. Ringte derfor den senegalesiske ambassaden i London. Dei sa at det var ein senegalesisk ambassade i Rabat, og at visum skulle kunne ordnast paa eit par dagar. No bar det til det marokkanske reisebyraaet Royal Moroc Air for aa proeve aa faa endra billetten. Dama paa Royal MAroc Air var ikkje blid, og kunne ikkje skoene kvifor me ikkje hadde ordna dette foer. Det var forsovidt eit godt spoersmaal, men me var mest opptatt av om dette kom til aa gaa bra, eller om me hadde kasta vekk 5000kr. Etter litt styr fekk me endra billettane slik at me reiser til Casablanca i kveld, vidare til Rabat (1-2 timar fraa Casablanca med buss, trur eg....) for so aa moete opp paa den senegalesiske ambassaden i morgon. Reiser vidare 27. fraa Casablanca, so daa boer me helst ha faatt oss senegalesisk visum, viss ikkje so sit me fast i Marokko.... Alt i alt vert det kanskje kjekt med ein tur til Marokko, men det har vore litt slitsomt det siste doegnet aa ikkje vite kva som vil skje.

Hada bra so lenge. Helsing Sigurd.

Skal proeve aa leggje inn bilder etterkvart, dersom me finn internettcafear der me kan leggje inn bilder fraa kamera.

torsdag, januar 19, 2006

Sigurd og Terje i London

No er me i London og alt er berre velstand. Flyvertane Fabio og Roberto oppvarta oss bra paa turen fraa Haugesund til London. Terje snorka masse i natt so dei fransk-marokkanske romvenane vore kasta flaske paa han. No skal me paa museum.

fredag, januar 06, 2006

18. januar startar turen vår, då flyr me frå Haugesund til London. Me blir i London i fire dagar før me kan kaste vinterkleda og trekkje sørover. Skal prøve å få med oss ein kamp med formsterke Tottenham mot Aston Villa, dersom me får tak i billettar. 22. januar reiser me til Dakar i Senegal, mellomlandingar i Madrid og Casablanca. Kjem fram til flyplassen i Dakar kl. 02.30, so får me berre håpe at me har fått lærd oss nok fransk til at me kjem oss trygt fram til sentrum. Etter det har me ikkje planlagt so mykje meir anna enn at me skal reise frå Dakar 3. mai. Forhåpentleg vis har me då vore innom ein del land, sett mykje løye og lærd oss litt fransk.

Helsing Sigurd.

statistikk